Br. dokumentarserie. Francis får ein ny ven i ei skadd kaie. Matilda får med seg resten av familien på ein plan for å selje produkt frå garden under merkevarenamnet Fulford. Men prosjektet set det allereie turbulente forholdet hennar til tvillingbroren Arthur på ein prøve. Vi følgjer den eksentriske og frittalande aristokraten Francis Fulford og den like usedvanlege familien hans gjennom eit heilt år. (Life is Toff) (3:6)