Fantastisk forvandling
Fantastisk forvandling
Dansk dokumentarserie.
Sesong 1 6 episoder
-
1. episodeDa. serie. Den danske arkitekten og formgjevaren, Ane Cortzen, besøker nokre av dei mest fantastiske døma på arkitektonisk forvandling. Vi blir med til Oslo, der den gamle Vestbanestasjonen i dag er ramma for Nobels fredssenter, medan ein keisam silo har vorte forvandla til runde hyblar. (1:6)28 minIkke tilgjengelig lenger
-
2. episodeDa. serie. Den danske arkitekten og formgjevaren, Ane Cortzen, besøker nokre av dei mest fantastiske døma på arkitektonisk forvandling i Danmark. Det er nemleg ikkje lenger oppsiktsvekkjande at eit gamalt skipsverft endar opp som museum, eller at ein kornsilo får nytt liv som luksuriøs bustad. I dag handlar ikkje arkitektur berre om å rive ned og bygge nytt, men også om å sjå det vakre i det som allereie finst. (2:6)28 minIkke tilgjengelig lenger
-
3. episodeDa. serie. Den danske arkitekten og formgjevaren Ane Cortzen besøker nokre av verdas mest fantastiske døme på arkitektonisk forvandling. Denne gongen går ferda til Spania. Ein stygg sementfabrikk utanfor Barcelona har vorte eit ekstravagant arkitektkontor og privat bustad. Ein gamal kyrkjeruin er no eit samlingspunkt i byen. Arkitektur handlar ikkje berre om å bygge nytt, men også om å sjå det vakre i det som allereie finst. (3:6)28 minIkke tilgjengelig lenger
-
4. episodeDa. serie. Den danske arkitekten og formgjevaren Ane Cortzen reiser til Nederland for å finne fleire døme på arkitektoniske forvandlingar. Ei gamal kyrkje har vorte verdas vakraste bokhandel, medan ei anna no er eit dekadent hotell med fem stjerner. Arkitektur handlar ikkje berre om å bygge nytt, men også om å sjå det vakre i det som allereie finst. (4:6)28 minIkke tilgjengelig lenger
-
5. episodeDa. serie. Ane Cortzen reiser til Tyskland for å finne fleire døme på at arkitektur også handlar om å sjå det vakre i det som allereie finst. Ein gigantisk luftskipshangar har vorte til ei kunstig, tropisk øy, ein bunker frå den andre verdskrigen er no eit kunstgalleri, medan den største kolgruva i verda har vorte forvandla til eit museum. (5:6)28 minIkke tilgjengelig lenger
-
6. episodeDa. serie. Ane Cortzen reiser vidare til New York, på jakt etter fleire døme på arkitektoniske forvandlingar. Den prisvinnande skyskraparen Hearst Tower vart bygd oppå eit bygg frå 1928. Ei gamal jernbanelinje ti meter over bakken har blitt forvandla til ein populær park, medan ein tidlegare sukkerfabrikk blir transformert til eit spanande kontorbygg. (6:6)28 minIkke tilgjengelig lenger