Eides språksjov
25. januar 2017
I 1951 vedtok Stortinget korleis alle nordmenn skulle telja. Kor vellykka var eigentleg det? I Danmark tel dei med fjers og fems og halv-tres. Møt dansken som skal prøva å forklara kvifor og korleis. Og radiofenomenet Kari Slaatsveen kjem for å fortelja kva ho gjer - når ho lagar bilde på radio.
38 min
2017
2017
-
8. mars 2017På kvinnedagen held vi i Språksjovet oss med mannleg gjest. Til gjengjeld skal han snakke om damer. Språket er eit viktig verktøy når skodespelar Bjarte Hjelmeland skaper seg om til kvinne. Viktig var det også for artisten Irene frå Kongo, som møtte norsk språk som 10-åring. For kva skjer når du feiltolkar helvete?39 min
-
1. mars 2017Kor mykje av personlegdomen vår ligg i dialekten? Blir artisten Elisabeth Andreassen ein annan person når ho snakkar sunnmøring? Og kan Bettan verkeleg både finsk og russisk? Den vestnorske skarre-r'en er elska av nokon, medan andre har han langt oppi halsen. Omlag der nederlendarane har sin berømte G.38 min
-
22. februar 2017Høyrt om esperanto? I Eides språksjov møter du ein av få nordmenn som dagleg brukar dette språket. Kvifor? Og fungerer esperanto som sjekketriks? Artisten Sigrid Moldestad frå Breim kan ikkje esperanto, men er ein reser på halvemål. Ein dialektvariant der bokstaven H blir borte.39 min
-
15. februar 2017Har du nokon gong mottatt purring? Eller skeia ut med ei kaloribombe? Kva som er den raude tråden her, får du vite i Eides språksjov. Det dreier seg om sjømannsuttrykk når skodespelar Helge Jordal riggar seg til i gjestestolen. Vi kan dessutan love gull og grøne erter! For deg som har passert midnatts-høgden.39 min
-
8. februar 2017Korleis er smaken av Kåre Willoch? Det får du svar på når vin-journalisten Ingvild Tennfjord gjestar språksjovet. Ho lever av å sette ord på smaken av edle dråpar. Den andre gjesten vår har ei språkleg evne som ikkje kan brukast til noko anna enn å imponere på fest.39 min
-
1. februar 2017Journalisten Ivar blei til artisten Ravi, som laga sitt eige pop-språk. Når han såg sine eigne tekstar på trykk, blei bokmålet berre tåkeprat. Eit vanleg fenomen, også blant våre folkevalde. Og kva seier politikarane når dei ikkje vil svare på spørsmål? Politisk kommentator Magnus Takvam har mange års trening i å tolke svada.39 min
-
25. januar 2017I 1951 vedtok Stortinget korleis alle nordmenn skulle telja. Kor vellykka var eigentleg det? I Danmark tel dei med fjers og fems og halv-tres. Møt dansken som skal prøva å forklara kvifor og korleis. Og radiofenomenet Kari Slaatsveen kjem for å fortelja kva ho gjer - når ho lagar bilde på radio.38 min
-
18. januar 2017Kva skjer når me ikkje lenger seier kino og kirke, men sjino og sjirke? For Charlotte var valet å gå til logoped eller mista jobben som nyheitsopplesar. Mennesket har til alle tider laga ord av å herma lydar, I språkverda heiter det onomatopoetikon, og for Donald-teiknar Arild Midthun er det meir enn eit framandord. Giisp og gulp!38 min
-
11. januar 2017Eides språksjov inviterer til språkleg moro og opplysning. Vår eigen Quisling er i same ordklasse som boikott og frisbee! Skodespelar Eirik del Barco Soleglad kan alle nyansane i nordnorsken.38 min