Br. dokumentar i to delar. Det prisvinnande teamet bak "Pingvinanes hemmelege liv" er tilbake med ein ny serie om delfinar. Ved hjelp av tretten forkledde kamerarobotar kjem teamet heilt innpå delfinane, utan å forstyrre dei, og vi får sjå åtferd som aldri før har vore filma. Vi møter ein nyfødd tumlardelfin som lærer å jakte, leiker med bobler og oppdagar måtar å bli kvitt irriterande sugefisk på. Vi møter også ein hanndelfin som nyt livet som ungkar, og som på særs kreativt vis sjarmerer damene. (Dolphins - Spy in the Pod) (1:2) Norsk kommentar: Gry Molvær.