Elise Theoline Tungehaug frå Bud i Romsdal er 22 år og har ein draum: Ho vil utdanne seg i friluftsliv på høgskule. Men draumen verkar no heilt uoppnåeleg, fordi ho ikkje greier å ta den siste eksamen som skal til for å komme inn på studiet. Då tek ho eit dramatisk val: Ho vil leve utandørs ein heil vår, med sovepose og hengekøye, trass i at ho er redd for både det eine og andre i naturen. Og ein kveld ved Hustadvika forstår ho kva ho må gjere for å klare eksamen.