Langs Riksveg 50 mellom Aurland i Sogn og Hol i Hallingdal ligg alle dei gamle anleggsvegane frå 1970-åra opne for fri ferdsel utan at folk flest er klar over det. På ein, to, tre kan ein vera langt, langt inni fjellheimen der naturen kan by på både eitt og hitt. Også dei som går langs dei velkjente T-ane kan det vera lurt å ta ein og annan avstikkar og mellom anna sjå nærare på hola der den fredlause Kittilson budde for 300 år sidan.