Hopp til hovedinnhold

Under åpen himmel til Santiago de Compostela

Under åpen himmel til Santiago de Compostela

Kvart år legg hundretusenvis av menneske ut på pilegrimsvandring mot Santiago de Compostela. Ei reise det blir sagt kan forandre livet til dei som går. Ikkje sidan middelalderen har fleire vandra hit, men kan ein verkeleg forandre livet sitt ved å gå og gå i dagevis? Programleiar Rebecca Nedregotten Strand er skeptisk. Ho blir med fem nordmenn for å finne ut om turen er så spesiell som mange hevdar. Bli med på ei reise der alle er på veg mot same mål, men har heilt ulike grunnar for å gå.