Solgt!
2. oktober 2017
Kven er flinkast til å sette rett pris på ein bustad - takstmenn eller meklarar? Solgt har tatt med seg to lag til Østfold for å freiste å finne svaret. Her skal dei tippe pris på alt frå eit lite bustadhus i Moss til eit gamalt skulebygg i Rømskog. Programleiar er Frode Søreide.
29 min
2017
2017
Ikke tilgjengelig lenger
-
27. september 2018Dyraste hytteområda i Norge. "Solgt!" inviterer til visning i eit av Norge sine dyraste hytteområde. Det blir og pristipping på eit stabbur rett ved den gamle OL-løypa på Kvitfjell. Og kva kostar eit gamalt tømmerhus frå slutten av 1700-talet mitt i sentrum av Lillehammer. Programleiar Frode Søreide går opp den gamle OL-løypa frå 1994 med meklarar frå Narvik og Vestfold.39 minIkke tilgjengelig lenger
-
20. september 2018Herskapeleg i Trondheim. Herskapshus med mykje historie, falleferdig hus i eit av dei billigaste bygdene i Norge og leilegheit på elvekanten skal under lupa, når meklarar blir invitert til Trøndelag for å tippe "Solgt-prisen". Du får også vite kvifor programleiar Frode Søreide byr meklarane på akevitt før visning. Denne gong er det meklarar frå Bergen og Oslo som møtast til duell.38 minIkke tilgjengelig lenger
-
13. september 2018Kva kostar det å bu på toppen av Oslo? Spektakulær utsikt ut over Oslo by er stikkordet for denne "Solgt-visninga". Kva kostar toppleilegheit i den gamle kornsiloen på Sinsen og kva med ein tomannsbustad der du kan sjå heilt til Gaustadtoppen på ein solskinsdag? Programleiar Frode Søreide har invitert med seg meklarar frå Bergen og Stavanger til Oslo sitt tak for å tippe bustadprisar.39 minIkke tilgjengelig lenger
-
6. september 2018Kva kostar ei øy i Lofoten. Ei øy på seks mål i vakre Henningsvær står på menyen, når programleiar Frode Søreide sparkar i gang ein ny sesong med Solgt. Denne gongen blir to Oslo-meklarar utfordra av to av dei største bustadprofilane i Norge siste åra, OBOS-sjef Daniel Kjørberg Siraj og tidlegare Selvaag-sjef Baard Schumann. Vil dei bli blenda av den spektakulære naturen eller klarar dei å tippe rett salspris?38 minIkke tilgjengelig lenger
-
2. april 2018Landskamp i boligpristipping: Kven er flinkast til å tippe bustadprisar av norske og danske meklarar? Det er duka for landskamp i denne spesialutgåva av Solgt. Kampen skjer på nøytral grunn i Gøteborg i Sverige, der det skal tippast pris på to leilegheiter og eit gamalt svensk herskapshus. Her handlar det om å forsvare nasjonen si ære. Programleiar er Frode Søreide.38 minIkke tilgjengelig lenger
-
2017
-
23. oktober 2017Å ha god lokalkunnskap er gull verdt for ein meklar. Difor er det ekstra utfordrande å kome til eit framand område og tippe bustadprisar. Det får meklarar frå Trondheim og Bergen erfare når dei blir tatt med på visning i Akershus. Programleiar Frode Søreide byr på sørlandsidyll i Asker, ein eksklusiv villa i Lommedalen i Bærum og eit ombygd 80-talshus på Nesodden.29 minIkke tilgjengelig lenger
-
16. oktober 2017Millionane sitt laust når to lag med norske meklarar blir tatt med til feriefavoritten Mallorca for å tippe pris på tre feriebustader. Her blir det visning i ei eksklusiv leilegheit i strandkanten og ein gigantisk villa som ligg i eit flott område. Programleiar Frode Søreide har invitert med seg meklarar frå Sørlandet og hovudstaden.29 minIkke tilgjengelig lenger
-
9. oktober 2017Ei gamal rønne utan bad og eit hus i økolandsbyen i Hurdal skal under lupa, når Frode Søreide invitera til ein ny runde med Solgt. Denne gang er det meklarar frå Ålesund og Haugesund som skal i elden. Kven er flinkast å tippe pris i eit framand område?29 minIkke tilgjengelig lenger
-
2. oktober 2017Kven er flinkast til å sette rett pris på ein bustad - takstmenn eller meklarar? Solgt har tatt med seg to lag til Østfold for å freiste å finne svaret. Her skal dei tippe pris på alt frå eit lite bustadhus i Moss til eit gamalt skulebygg i Rømskog. Programleiar er Frode Søreide.29 minIkke tilgjengelig lenger
-
25. september 2017Fallet i oljeprisane førte til at mange i Rogaland mista jobbane sine, og måtte flytte og selje husa sine. Solgt tar turen til Sandnes for å ta temperaturen på bustadmarknaden. Her blir det mellom annan visning i det som er omtalt som eit av Sandnes sitt finaste bustadhus. Programleiar Frode Søreide har tatt med seg meklarar frå Sandefjord og Oslo. Kven klarar å tippe rett pris?29 minIkke tilgjengelig lenger
-
18. september 2017Frå fabrikk til design-leilegheit. I ein gamal hesteskofabrikken på Tøyen i Oslo er det bygd ei New York-inspirert leilegheit. I ein bakgård på Rodeløkka i Oslo har ein gammal stall fått nytt liv som eit moderne bustadhus. Men kva kostar dei? Solgt-programleiar Frode Søreide invitera til visning i tre særskilde eigedommar i hovudstaden. Meklarar frå Stavanger og Trondheim skal freiste å tippe rett pris.29 minIkke tilgjengelig lenger
-
17. april 2017Kva kostar ei hytte i påskefjellet? Er du blitt freista til å kjøpe deg ei fjellhytte i påska? Solgt-programleiar Frode Søreide er på påskefjellet med meglarar som skal tippe pris på tre ulike objekt. Her blir det visning i alt frå ein leilegheit med tussar og troll til ei eksklusiv handlafta tømmerhytte.29 minIkke tilgjengelig lenger