Kunne ikke spille av fordi JavaScript ikke ble funnet!

Aktiver JavaScript i innstillingene til din nettleser.

Les mer på hjelpesiden.

Seriebeskrivelse

Teateroppsetninger fra NRKs faste scene.

Episodebeskrivelse

Fjernsynsteatret viser "Yerma" av Federico García Lorca (1898-1936). Skrevet 1934. Til norsk ved Tormod Skagestad. Kostymer: Tull Engø. Dekorasjoner: Guy Krohg. Yerma er steril, eller ho ottast i alle høve for at ho er det. Ho slit seg i sund av di ho ikkje får born. Det er ikkje naturleg for ei kvinne ikkje å få born. Mannen Juan vil ha heim og kone, men ikkje born. Ulukka er at dei vil ha ulike ting og at ingen av dei kan ta imot det den andre mest har å gi, og at dei vil ha nett det den andre ikkje kan gi. Det er det inste i sjølve seksualiteten Juan rammar når han ikkje vil ha barnet hennar. Slik vert kjærleiken til hat. Ein ond sirkel dei ikkje kan bryta. Så ho er unaturleg, då, utanfor livet, ulik kjelda som gir vatn og sauen som får lam, seier ho sjølv. Så er ho ikkje noka verkeleg kvinne, undrast ho. Og vegen ho går for å bli det, er tung. "Blodbryllupet", "Yerma" og "Bernardas hus". I alle tre skriv den spanske diktaren om kvinner på den spanske landsbygda. Saman dannar dei ein tragisk trilogi. Yerma fortel om, liksom trilogien som heile, kvinna si verd slik kvinna sjølv ser ho. Men kvinna si verd er ikkje éi verd, dei er ulike og møter verda på ulikt vis. Dei som er med: Lise Fjeldstad (Yerma), Joachim Calmeyer (Juan), Unni Evjen (Maria), Per Christensen (Victor), Ragnhild Michelsen (Ei gudlaus kjerring), Mette Tank (Fyrste bondekone), Lillian Lydersen (Andre bondekone), Bonne Gauguin (Tredje bondekone), Gerd Jørgensen (Fjerde bondekone), Rønnaug Alten (Fyrste versyster), Gerd Wiik (Andre versyster), Sossen Krohg (Dolores). Instruktør: Magne Bleness.

Kategorier: Kultur, NRK-arkivet og Drama/serier
Tilgjengelig til:
Alltid tilgjengelig
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK1 · Tirsdag 31. oktober 1972 kl. 00:00
Siste gang sendt:
NRK1 · Tirsdag 31. oktober 1972 kl. 00:00
Produksjonsår:
1972
Original episodetittel:
Yerma
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
1 time, 24 minutter