Premiere! Norsk livsstilserie. På Sandhornøya i Nordland vil Ole-Martin og Sandra bygge eit unikt hus som passar til deira livsstil. Dei gjev seg i kast med eit domehus, det første i sitt slag i Norge. Å realisere draumen om sitt eige hus, er både spanande og krevjande. Programleiar Frode Søreide har følgt seks norske familiar frå byggeprosessen startar til draumehuset står ferdig.