Norsk dokumentar frå 2016. Einar Gerhardsen måtte gå av som statsminister etter debatten i Stortinget om gruveulykka som kravde 21 liv i 1962. Men historia om Kings Bay går tilbake til 1916, då Kings Bay Kull Compani vart oppretta for å drive gruvedrift på Svalbard. Her låg også basen for Roald Amundsens forsøk på å fly over Nordpolen. Gruvene i Ny-Ålesund er i dag lagt ned, og i staden har det vakse fram ein forskarlandsby som leverer viktig kunnskap om Arktis.