No. dokumentar. Kor blei det av kjærleiken og samhaldet i familien? Eit barnebarn vil samle 6 av barna etter bestemora til eit familiefotografi. Bestemor Ruth Thomassen som nå er 96 år bor i Alta. Resten av familien er spreidd rundt om i landet. Alt bestemora tenkte på under evakueringa i 1944, var at familien ikkje måtte komme frå kvarandre. Ho prøvde på best mogleg måte å redde familien sin. I dag er dei splitta. Bestemoras største ønske er at barna skal føle samhald igjen.