Grytidleg sommarmorgon. Ein gråhegre i full konsentrasjon over ein småaure i vatnet. Eit lynkjapt hogg og auren sit i saksa. Det trengst, for i reiret ventar fire svoltne ungar. Ungar så lite vakre at berre ei mor kan elske slike. Grasiøs flukt og iltre hegrehyl i sommarnatta. I denne filmen er vi tett på ein hegrefamilie i kamp og kiv gjennom eit halvt år.