Du er invitert med som passasjer på ei unik reise gjennom Noreg. Opplev landet vårt som du aldri har sett det før, bli med inn i ekstrem natur og levande landskap.
Bli med på ei luftig reise over Noreg og opplev landet vårt som du aldri har sett det før. Du får vere passasjer på ein tur som tek deg til tronge fjordar, bratte fjell og strie elvar. Bli med på eit heftig motbakkeløp på Sunnmøre, rafting i Valldal og Ottadalen og ein tur inn Lysefjorden som vil gje deg sug i magen. Tema for denne episoden er Kraft og alt er filma frå lufta med helikopter eller drone. (2:6)