Britisk naturserie.
Lys, tyngdekraft, materie og energi er byggjesteinane i alt frå dei minste mikrobane til den største galaksen. Ved å granske desse fenomenane på jorda, kan vi lære meir om universet.
Br. naturserie. Kva er vi og kor kjem vi frå? Desse spørsmåla er utgangspunktet for professor Brian Cox når han prøver å forklare kva materie er. Han dreg til Nepal og observerer ein kremasjon. Hinduane trur at alle dei fysiske elementa i kroppen blir resirkulerte inn i det neste stadiet. Han samanliknar dette med livssyklusen til stjerner som førde til at vi blei skapt. (Wonders of the Universe) (2:4)