På norske apotek kan ein no få kjøpt gentestar som ein kan bruke på eigne barn, for å finne ut kva idrett dei skal satse på eller om dei i framtida kan bli laktoseintolerante. Men er det lov å bruke slike testar på eigne barn og er det etisk forsvarleg? Bioteknologirådet og forskarane er opptekne av kva svar ein skal gje på desse spørsmåla. Vi møter professor i etikk og politisk filosofi Bjørn Myskja ved NTNU i samtale med forskingsjournalist Olav Høgetveit (3:5)