Br. helseserie. Michael Mosley og eit team legar hjelper deg å skilje gode frå dårlege helseråd. Kva kan dokumenterast, og kva er sprøyt? Legane lar sine eigne kroppar gjennomgå eksperiment for å finne ut kva for påstandar som stemmer, og dei oppsøkjer nokre av dei fremste medisinske forskarane i verda. Kan du vere i god form sjølv om du er feit? Kan du få betre helse av å ligge meir i senga? Burde vi alle ta aspirin for å leve lenger? (Trust me I'm a Doctor) (1:3)