To lag med eigedomsmeklarar blir ruska opp frå sitt vanlege territorium og tatt med ein ukjent bustadmarknad. Her skal dei tippe prisen på tre ulike eigendommar.
Å ha god lokalkunnskap er gull verdt for ein meklar. Difor er det ekstra utfordrande å kome til eit framand område og tippe bustadprisar. Det får meklarar frå Trondheim og Bergen erfare når dei blir tatt med på visning i Akershus. Programleiar Frode Søreide byr på sørlandsidyll i Asker, ein eksklusiv villa i Lommedalen i Bærum og eit ombygd 80-talshus på Nesodden.