To lag med eigedomsmeklarar blir ruska opp frå sitt vanlege territorium og tatt med ein ukjent bustadmarknad. Her skal dei tippe prisen på tre ulike eigendommar.
Korleis går det når to lag med meklarar frå sør blir tatt med til vårt nordlegaste fylke for å tippe bustadprisar? Solgt har tatt turen til Finnmark og nordlysbyen Alta. Her blir det vising på ein moderne einebustad, ei leilegheit i Finnmark sitt første passivhus og ein bustad med ei spesiell utforming. Programleiar er Frode Søreide.