Am. dramaserie. Sesong to startar i år 44 f. Kr. Cæsar er myrda, og Roma er blitt ei gryte som kokar over av motstridande kjensler. Dei to vanlege soldatane, Vorenus og Pullo, blir heilt tilfeldig blanda inn i dei historiske hendingane i det gamle Romarriket. No når Cæsar er død, vurderer Marcus Antonius å flytte nordover. Vorenus klandrar seg sjølv for ikkje å ha verna Cæsar mot åtaket frå fiendane hans. Med: Kevin McKidd, Ray Stevenson, Polly Walker m.fl. Sesong 2 (1:10)