Svensk dokumentar. Då statsminister Olof Palme blei myrda ein kveld i februar 1986, blei Sverige lamma. Kristina Lindström og Maud Nycander har laga ein film om livet hans, epoken og det Sverige han var med å skape.
Svensk dokumentar. Mordet på Olof Palme i 1986 har skugga for kven han var. Andre del av dokumentaren om livet hans og det Sverige han var med å skape, tek for seg perioden frå 1969 til 1975. Olof Palme stod sentralt i dei store kampane om sosialdemokratiske reformar som likestilling og USAs krig i Vietnam. Mange elska Palme, og mange hata han. Dette påverka privatlivet hans. (2:3)