Br. dramaserie. Sesongpremiere! Ein serie om fødsel, liv og død på Londons austkant på 60-talet. Påska nærmar seg, og nonnene og jordmødrene har det meir travelt enn nokon gong. Fødslane står i kø, og Patsy hjelper den erfarne mora Rhoda. Men denne gongen går ikkje alt som det skal, og familien vil trenge all støtta dei kan få. Ei trimbølge skyl over landet. Trixie er instruktør for ei gruppe mosjonistar, men for ein av elevane er ikkje øvingane berre sunne. Med: Jenny Agutter, Pam Ferris, Miranda Hart mfl. (Call the Midwife) Sesong 5 (1:8)