Austr. fantasy-drama. Begge versjonane av Ben er stranda i den tomme verda. Ben 1 er vettskremt, og Ben 2 er rasande. Området er råka av hyppige jordskjelv. Då gjengen heime klarar å opne ein portal, hoppar Ben 1 straks gjennom. Tilbake i den verkelege verda fortel han at Ben 2 er eten opp av eit monster. Gjengen vil ikkje gje opp Ben 2 og drar til den tomme verda for å leite. Samstundes er parasittane i ferd med å vakna opp. Ein ny generasjon Nowhere Boys må kjempe mot mørke krefter. Med: Kamil Ellis, Joe Klocek, William McKenna, Jordie Race-Coldrey, Luca Sardelis mfl. Sesong 3 (8:13)