Austr. fantasy-drama. Skulen skal på ein ny skogtur. Gutane håper at dette kan hjelpe dei å finne vegen heim. Andy trur at det er vitskap som førte dei hit, sjølv om Felix insisterer på at det kan vere magiske krefter i spel. Demonen, som no er sterk nok til å ta menneskeleg form, er farlegare enn nokon gong. Vil gutane finne vegen heim i skogen? Nowhere Boys følgjer fire tenåringsgutar som er fanga i ei alternativ verd der dei aldri er blitt fødd. Dei må finne ut av kva som har hendt, og forsøke å kome seg heim til si eiga verd. Med: Dougie Baldwin, Joel Lok, Matthew Testro mfl. (9:13)