Austr. fantasy-drama. Felix trur at magiboka til Phoebe kan innehalde svaret på korleis dei har hamna i dette parallelle universet. Felix og Sam spionerer på henne. Kvifor drar Phoebe til alle stader der demonen har gått til åtak? Har ho noko med demonen å gjere? Samstundes er Andy og Jake i Arcane Lane for å leite etter spor, men demonen er på sporet etter dei. Nowhere Boys følgjer fire tenåringsgutar som er fanga i ei alternativ verd der dei aldri er blitt fødd. Dei må finne ut av kva som har hendt, og forsøke å kome seg heim til si eiga verd. Med: Dougie Baldwin, Joel Lok, Matthew Testro mfl. (8:13)