Austr. fantasy-drama. Den demoniske krafta kjem tilbake, denne gongen i form av ein flokk kråker. Gutane byggjer eit vern kring skuret sitt. Jake og Andy drar for å stele mat, men støyter på politiet. Jake blir fanga og teke med til politistasjonen. Der blir han avhøyrt av Gary, hans udugelege far i den verkelege verda. Kan dei andre hjelpe Jake? Kråkeflokken blir større og farlegare. Nowhere Boys følgjer fire tenåringsgutar som er fanga i ei alternativ verd der dei aldri er blitt fødd. Dei må finne ut av kva som har hendt, og forsøke å kome seg heim til si eiga verd. Med: Dougie Baldwin, Joel Lok, Matthew Testro mfl. (6:13)