Austr. fantasy-drama. Phoebe og gutane førebur seg til ein siste kamp mot demonen. Det heile skal slutte der det starta: i skogen. Andy og Sam fortel alt til Ellen og Mia, medan Jake tek farvel med Sarah. Gary jagar Oscar og Bates, men kjem sjølv under påverknad av demonen. Vil gutane klare å kjempe mot demonen? Finn dei vegen heim? Nowhere Boys følgjer fire tenåringsgutar som er fanga i ei alternativ verd der dei aldri er blitt fødd. Dei må finne ut av kva som har hendt, og forsøke å kome seg heim til si eiga verd. Med: Dougie Baldwin, Joel Lok, Matthew Testro mfl. (13:13)