Austr. fantasy-drama. Gøymestaden til gutane er avslørt. Dei har ikkje noko anna val enn å oppsøkje Phoebe. Felix viser fram sporet han fann i skogen etter Alice, den forsvunne systera til Phoebe. Neste dag drar gutane tilbake til skulen. Der tek demonen over Mia, som overtyder Sam om å øydeleggje den magiske talismanen. Korleis kan dei stoppa demonen no? Nowhere Boys følgjer fire tenåringsgutar som er fanga i ei alternativ verd der dei aldri er blitt fødd. Dei må finne ut av kva som har hendt, og forsøke å kome seg heim til si eiga verd. Med: Dougie Baldwin, Joel Lok, Matthew Testro mfl. (10:13)