Er cruiseturismen i ferd med å kvele fjordnoreg? Ja, meiner dei i vesle Flåm som i sommar har hatt 250.000 cruiseturistar på besøk. Men næringa trur turismen sjøvegen har rom for å vekse framleis. På kaien i Flåm snakkar programleiar Tarjei Strøm med mellom andre Anders Fretheim, Solrun Hjelleflat og Inge Tangerås. (2:78)