Svensk naturserie. Kjenner du naboane dine? Midt i byen kan du nemleg finne eit yrande dyreliv. Ein del dyr søker seg dit det bur menneske fordi det er lett å finne mat der, medan andre gjer det for å finne vern mot farar. Martin er i New York for å leite etter ein av dei siste tilflyttarane der, prærieulven. Han ser også nærare på korleis ein slik stad kan sette fart på evolusjonen. Yvette ser på fuglar i Stockholm og får sjå byen frå ein ny vinkel. Ho blir også kjent med hønsehauken, ein av renovatørane blant fuglane. (3:8)