Svensk naturserie. Yvette får helse på fjellrevkvalpar. Fjellreven i Skandinavia er ein av dei artane som blir hardt råka av global oppvarming. Når trea veks lengre opp på fjellet, kjem rødreven nærmare, og det blir stadig vanskelegare for fjellreven å klare seg. Martin er i Thailand og får sjå korleis korallreva der har blitt forandra av klimaendringane. Det har ført til at havskilpaddene får problem med å få ungar. (2:8)