Fransk/svensk thrillerserie. Ein mann vert drepen på bestialsk måte. Ugjerninga skjer utanfor Kiruna, og då offeret viser seg å vere fransk, ber dei svenske styresmaktene om hjelp frå heimlandet hans.
Morda i Kiruna viser seg å ha samband med kvarandre, og det kan kome fleire. Anders oppdagar spor etter samiske symbol på åstadane. Viss det kjem ut, vil hat og konflikt slite lokalsamfunnet frå kvarandre.