Troy tar med seg venene sine på tur til Barcelona, men sjølv ikkje på ferie kan han la vere å skape magi. Mellom anna visar han fram sin heilt eigne måte å veksle valuta på, han forbløffar andre strandløver, og han imponerar som sannseiar på fotballbanen. Troy er ein av dei beste illusjonistane i Storbritannia. Han brukar kvardagslege ting og situasjonar til å forundre og forvirre tilfeldige menneske, som ikkje alltid veit at dei blir filma.