Troy tullar med kundane på eit travelt kjøpesenter, og han gjev gjestane på ein restaurant eit måltid dei seint vil gløyme. Han forbløffar kunstelskarane på eit galleri, og gjev oss eit korttriks du neppe har sett maken til. Troy er ein av dei beste illusjonistane i Storbritannia. Han brukar kvardagslege ting og situasjonar til å forundre og forvirre tilfeldige menneske, som ikkje alltid veit at dei blir filma.