Du er invitert med som passasjer på ei unik reise gjennom Noreg. Opplev landet vårt som du aldri har sett det før, bli med inn i ekstrem natur og levande landskap.
Opplev Noreg som du aldri har sett det før, bli med på ei luftig reise over landet vårt. Det handlar om å takle motgang, utfordre seg sjølv og å våge. Korleis har dei som levde før oss møtt krig og vanskelege tider, og korleis har det forma det landet vi lever i no? Du møter tapre sjømenn på Sørlandet, ser korleis Alta reiste seg att etter andre verdskrig og er invitert med på 17.mai-feiring i Oslo. På turen treff du også våghalsar som kastar seg utfor bratte fjell, ein hundekøyrar i vinterlandskap og moskus på Dovre. (6:6)