Du er invitert med som passasjer på ei unik reise gjennom Noreg. Opplev landet vårt som du aldri har sett det før, bli med inn i ekstrem natur og levande landskap.
Bli med på ei luftig reise over Noreg og opplev landet vårt som du aldri har sett det før. Eit utfordrande land, som også byr på stor rikdom for den som vågar å satse. I djupe skogar, bratte lier og nede i havet. Du er invitert med som passasjer på ein tur som tek deg med på epledyrking i Hardanger, fiskerihistorie i Lofoten, moderne skogsarbeid i Hedmark og Oppland, til plankebyen Fredrikstad, og oljebyane Stavanger og Sandnes som går usikre tider i møte. (3:6)