Du er invitert med som passasjer på ei unik reise gjennom Noreg. Opplev landet vårt som du aldri har sett det før, bli med inn i ekstrem natur og levande landskap.
Turen i dag går til nokre av dei vakraste, men også mest farlege landskapa i landet vårt. Opplev historia til dei som mista alt i nokre av dei verste rasulukkene og flaumane som har råka oss. Bli med til bratte stup og urolege fjellsider på Vestlandet, altfor store elvar og smeltande fonner i Oppland. Vi svevar over Trollveggen og Folgefonna, fylgjer stien til Skålatårnet og stig inn i ein eventyrleg istunnel i Jotunheimen. (4:6)