Br. drama i to delar basert på bestseljaren av Kate Mosse. Alice Tanner finn ein gamal metallring i jorda. Den er knytt til korstoga og eit massemord på 1200-talet i Sør-Frankrike. Alice har aldri vore på denne staden før, men kjenner ei uforklarleg kraft og ein vilje til å finne ut løyndomen om ei mystisk kvinne som budde her. Kva er det kvinna vil henne, og er det noko som står på spel? Med: John Hurt, Sebastian Stan, Jessica Brown-Findlay m.fl. (1:2)