Am. dokumentarserie. "Snehvit og dei sju dvergane" blir den første animerte langfilmen i historia. Både økonomisk og kunstnarisk er den ein stor risiko for Disney, men blir ein enorm suksess. Nye prosjekt skyt fart, slik som "Pinocchio" og "Fantasia". Men ikkje alle filmane blir like godt mottekne av publikum, og dei tilsette er ikkje nøgde med måten dei blir behandla av selskapet på. Walt Disney skapte si eiga verd og bygde eit imperium, men fekk også betale prisen for sine høge ambisjonar. (2:4)