Br. dokumentarserie. Bli med i fotspora til gullgravarane på 1800-talet. Historikar Dan Snow legg ut på ein ekspedisjon over den frosne villmarka i Canada saman med polfarar Felicity Aston og feltlege Kevin Fong. Målet for den farefulle ferda er å finne gull. Ekspedisjonen startar ved kysten av Alaska, kor dei skal gjenskape turen til Klondike som tusenvis av håpefulle menn og kvinner prøvde seg på under gullrushet, men som berre ein av tre overlevde. (Operation Gold Rush: Mountain Passes) (1:3)