Br. dokumentar i to delar. Stadig fleire britar har ikkje lengjer råd til å pensjonere seg når dei fyller 65 år. Dei som blir fødde i dag må rekne med å arbeide til dei er 77 år. Korleis vil dei takle å arbeide langa dagar når dei er så gamle? Vi møter 14 pensjonistar i 70-åra som blir sendt tilbake i fullt arbeid i to veker. Dei skal arbeide på ein byggjeplass, ein sjokoladefabrikk, ein italiensk restaurant, ein helseklinikk og hos ein eigedomsmeklar. Kan dei konkurrere med sine yngre kollegaer og utfordre korleis dei ser på eldre menneske? Kven vil overleve, og vil nokre av dei få tilbod om å halde fram i jobben? (The Town That Never Retired) Norsk kommentar: Lasse Lindtner