Hardanger - djupe fjordar, høge fjell og hardingfele. Tokyo - høghus, tett trafikk og eit hardingfelemiljø. Midt i den japanske verdsmetropolen kling den norske folkemusikken. Bli med to av Noreg sine fremste spelemenn på ei reise som tek dei frå veglause gardar på Vestlandet til storbyar i Japan. Ei historie om klisjear, heltestatus, glamour og heimlengt.