Kunne ikke spille av fordi JavaScript ikke ble funnet!

Aktiver JavaScript i innstillingene til din nettleser.

Les mer på hjelpesiden.

Seriebeskrivelse

Teateroppsetninger fra NRKs faste scene.

Episodebeskrivelse

Fjernsynsteatret viser "Kong Oidipus" av den greske tragediedikter Sofokles. Til norsk ved Eirik Vandvik. Musikk: Gunnar Sønstevold. Dekorasjon og kostymer: Nils Svenwall. Kong Laios i byen Theben fekk ikkje born med kona si, Iokaste. Han rådspurde oraklet i Delfi og fekk veta at han skulle få ein son som skulle koma til å drepe han. Då barnet var fødd, let Laios det bere ut i ville fjell, men ein gjetar fann barnet og førde det til kong Polybos i Korint. Og hjå han voks det opp under namnet Oidipus. Sjøl trudde Oidipus at Polybus var rette far hans, og då oraklet ein gong spådde at han skulle drepe faren og avle barn med mora, rømde han frå Korint og drog til Theben, der orakelorda vart sanna. Soga dannar bakgrunnen for Sofokles sitt drama. Dei som er med: Joachim Calmeyer (Oidipus), Helen Brinchmann (Iokaste), Finn Kvalem (Kreon), Kolbjørn Buøen (Teiresias), Ingolf Rogde (Ein gammal prest), Gisle Straume (Bodbringaren frå Korint), Stig Egede-Nissen (Ein gjetar), Thomas Fasting (Korføraren), Helga Backe, Marit Østbye, Paal Hangeraas og Einar Wenes (Koret). Instruktør: Hans Dahlin.

Kategorier: Kultur, NRK-arkivet og Drama/serier
Tilgjengelig til:
Alltid tilgjengelig
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK1 · Tirsdag 29. februar 1972 kl. 00:00
Siste gang sendt:
NRK1 · Tirsdag 29. februar 1972 kl. 00:00
Produksjonsår:
1972
Original episodetittel:
Kong Oidipus
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
1 time