Fjernsynsteatret viser "Kva Joe?" av Samuel Beckett. (S-hv). Omsett og instruert av Bjørn Endreson.
Becketts første TV-spel, enakter skrevet 1965.
Å sjå stykket er som å vere inne i eit menneske som er i ferd med å døy. Noko handling i vanleg forstand har ikkje spelet. På scenen er berre eit vesen: gamle einslege Joe. Han seier ikke noko. Men blir konfrontert av ei røyst, låg, fjern, utan medynk. Joe lukkar seg inne. Låser døra, dreg for vindauge. Er som full av skuld. Røysta fortel om ei jente Joe eingong elska. Ho tok sitt liv. Joe vil ha røysta til å teie. Ha bort alle "auge", men samstundes vil han det slett ikkje - for det som ligg til grunn for spelet, ein filosofisk tanke, er det vi alle no og då kan kjenne: At nokon må oppfatte kven og kva vi er, "sjå" oss og "skjøne" oss, om vi skal kunne bli og vere verkelege menneske.
Dei som er med: Gisle Straume (Joe), Tordis Maurstad (Stemma).