Fjernsynsteatret

Teateroppsetninger fra NRKs faste scene.

Meister Olof (Mester Olof)

  • 1977
  • Tillatt for alle
  • 2 t 22 min

Fjernsynsteatret viser "Meister Olof" av August Strindberg. (Mäster Olof). Omsett av Bjørn Endreson. Lagt til rette for fjernsyn av Svein Scharffenberg og Åse Vikene. Sminke: Tobben Amundsen. Kostyme: Tull Engø. Dekorasjoner: Dag Frogner. Stykket er først og fremst eit idedrama om idealisme som tapar i det politiske spelet. Jamvel om kyrkjereformasjonen formelt vart vedteken av Västerås riksdag i 1527, var kampen før og etter reformasjonen lang og hard. Denne maktkampen har Strindberg fortetta i eit to timar langt skodespel spekka med konfliktar - heile vegen med den unge magister Olof som midtpunkt. Han er i teneste både hos kyrkja og kongemakta, kong Gustav Vasa. Og begge vil bruke evnene hans til sine formål. For Olof blir det ein umogeleg situasjon, fordi staten og kyrkja står så steilt mot kvarandre. Han står og mellom to kvinner, som dreg frå kvar si kant. Mora representerer slekta, tradisjonen og katolisismen. Hennar siste ord i døden er ei forbanning over den dagen ho fødte sonen si. På andre sida står Kristina, dotter til broder Gert, bokprentaren. Ho har blind tru på mannen sin - han har nemleg teke henne til kone, i strid med pavekyrkja sine lover. Nokon av dei som er med: Vidar Sandem (Meister Olof), Rolf Søder (Gert bokprentar), Jon Heggdal (Gustav Vasa), Georg Løkkeberg (Biskop Hans Brask), Finn Kvalem (Marskalken), Ragnar Olason (Lars Kanslar), Jan Erik Aune (Lars Petri). Musikalsk tilretteleggjing: Svein Johann Ose. Instruktør: Svein Scharffenberg.

Se også

  •  
     
  •  
     
  •  
     
  •  
     
  •  
     
  •  
     

Mer informasjon

  • Aldersgrense: A
  • Tilgjengelig fra: 7. august 2015 kl. 00:00
  • Tilgjengelig til: Alltid tilgjengelig
  • Tilgjengelig i: Verden
  • Produksjonsår: 1977
  • Lengde: 2 timer og 22 minutter
  • Originaltittel: Meister Olof (Mester Olof)

Medvirkende

Medvirkende
RollePersoner
Skuespiller: