Fjernsynsteatret

Teateroppsetninger fra NRKs faste scene.

Fjernsynsteatret – Lat ugraset vekse (La ugresset vokse)

  • 1973
  • Tillatt for alle
  • 42 min

Fjernsynsteatret syner "Lat ugraset vekse" av Olle Mattson. (Låt ogräset växe, 1971). Omsett av Jo Ørjasæter. Dekorasjoner: Lajla Hovland. Kostyme: Nan Austin. Det er byen sin krig mot bygda svensken Olle Mattson skriv om. Bøndene lever - så vidt og på nåde - dei trugast med ekspropriasjon og freistast med tilbod om tomtesal og omskoling. Eit kraftverk og ein petrokjemisk fabrikk er nett bygde - så blømer vel bygda? Nei, berre ugraset blømer, ugraset får veksa, skogen tek att den dyrka marken. Men krig er det på mange gardar og. Kvar generasjon har sin måte å møta den nye tida på. Stykket fortel om bonden Johannes og familien hans, kona Maria, faren og broren Nils. Nils har flytta frå garden - sviki han, vil Johannes seia. Kan henda Nils vil seia det sjølv og, han strir med noko i seg sjølv, verjar seg mot mindreverdskjensla og går til åtak på andre. "Helvetes svikar... Du stengjer oss ute... stengjer verda ute", seier han til far sin, og trampar på dei gamle bondeideala til bror sin. Dei som er med: Wilfred Breistrand (Johannes), Ingebjørg Sem (Maria), Thomas Fasting (Nils), Øyvind Øyen (Gamlingen), Stig Egede-Nissen (Disponenten). Instruktør: Jon Heggedal.

Se også

  •  
     
  •  
     
  •  
     
  •  
     
  •  
     
  •  
     

Mer informasjon

  • Kategori: Kultur
  • Aldersgrense: A
  • Tilgjengelig fra: 20. mai 2015 kl. 00:00
  • Tilgjengelig til: Alltid tilgjengelig
  • Tilgjengelig i: Verden
  • Produksjonsår: 1972
  • Lengde: 42 minutter
  • Originaltittel: Lat ugraset vekse (La ugresset vokse)

Medvirkende

Medvirkende
RollePersoner
Skuespiller: