Da. serie. Den danske arkitekten og formgjevaren, Ane Cortzen, besøker nokre av dei mest fantastiske døma på arkitektonisk forvandling i Danmark. Det er nemleg ikkje lenger oppsiktsvekkjande at eit gamalt skipsverft endar opp som museum, eller at ein kornsilo får nytt liv som luksuriøs bustad. I dag handlar ikkje arkitektur berre om å rive ned og bygge nytt, men også om å sjå det vakre i det som allereie finst. (2:6)