Br. dokumentarserie. Seksuelle overgrep er blant dei brotsverka som gjev strengast straff, men det er få tilfelle som fører til dom. Korleis tenkjer og arbeider etterforskarane som har desse sakene som sitt spesialområde? Vi følgjer etterforskinga av den kjende plateprataren Ray Teret, ein ven av Jimmy Savile. Teret er skulda for å ha forgripe seg på ei rekkje skolejenter på 60- og 70-talet. I så gamle saker har politiet ingen åstad, ingen DNA-prov og ingen opptak frå overvakingskamera til å hjelpe seg. (The Detectives - Manhunt) (1:3)