Am. komiserie. Amy drar på arbeid og lar mora Helen sitte att med tankar og minne. Ikkje minst tenkjer ho på Jim, mannen hennar som døydde. På butikken møter Helen den gamle venninna si Carol, og må halde ut dei obligatoriske skrytebilda av barn og barnebarn. Seinare kjem Levi innom Helen for å levere eit fotoalbum. Han ender opp med å klandre henne for å ha medverka til at han og Amy skilde seg. Med: Laura Dern, Diane Ladd, Bayne Gibby, m.fl. (Enlightened) (9:10)