Br. serie. Ben reiser til Wales for å møte 61 år gamle Emma Orbach. Den universitetsutdanna kvinna vende ryggen til det moderne samfunnet, familieheimen og til og med ekteskapet. I staden lever ho no langt ute på landet, i ei jordhytte som ikkje er kopla til noko straumnett eller offentleg vatn. Ho foraktar moderne teknologi og komfort. I fjor brann hytta hennar ned, og Ben hjelper ho å bygge ei ny av jord og hestemøkk. Han samlar ved med Emmas hest, vaskar seg i elva og nyt den eine luksusen ho har å by på - ei heimelaga badstue. Eventyraren Ben Fogle besøker folk som har busett seg der ingen skulle tru at nokon kunne bu. (Where the Wild Men Are) Sesong 4 (2:5)
Se også
Mer informasjon
Tilgjengelig fra:20. desember 2016 kl. 15:14
Tilgjengelig til:28. desember 2016 kl. 12:59
Tilgjengelig i:Norge
Aldersgrense:A
Produksjonsår:2015
Lengde:45 minutter
Originaltittel:Where the Wild men are - UK ,series 4 - Pembrokeshire/Emma